Nytt kommunevåpen godkjent

Publisert av: May Britt Meland
16/12/2020 18:13
I går vart årets siste kommunestyre halde. Ei av sakene som var oppe var godkjenning av kommunevåpen.

Kommunevåpenet som ein til no har nytta er inspirert frå Olavsgildet. Dette har ein sparre over øksene, og ikkje ei krone som på det nye. Ordførar Kåre Martin Kleppe fortel på Facebook sida si at dette våpenet aldri har vore formelt godkjent. -Når me først skulle få muligheten til få eit godkjent våpen, hadde me ynskje om å nytte motivet frå det gamle fylkesvåpenet til Hordaland Fylkeskommune, skriv Ordføraren. -Dette var politikarane i Vestland Fylkeskommune positive til, og i går godkjente Tysnes kommunestyret det nye kommunevåpenet. I vedtaket ligg det at utskifting av våpenet skal skje gradvis, slik at det ikkje skal ligge store kostnader knytt til dette.
-Eg gleder meg over at me endelig har fått dette på plass, skriv Ordføraren.