God plass i dei nye lokala !

På plass i nye lokaler

Publisert av: May Britt Meland
30/10/2020 08:27

Det starta i det små i oktober i fjor, og har auka på med stadig fleire hobbyprodusentar og kunstnarar. Nisjekroken, eit konsept med sjølvbetjent butikk, var noko nytt og spennande. Ville dette fungere, eller ikkje? Det har vorte stor suksess!

Nisjekroken er eit utstillingsvindu for hobbyprodusentar som ynskjer å selge det dei har produsert.

-Kvar gong du kjøper eit handlaga produkt er du med på å halde liv i ein drøm.

Utvalget er mangfaldig, og her finn ein noko for ein kvar smak!