Heilage tre kongers dag

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/1/2022 11:08

Heilage tre kongers dag, eller trettandedagen er ein kyrkjeleg festdag, som vert feira 6. januar.

Dette er den tolvte dagen etter fyrste juledag, 25. desember. På folkemunne vert dagen framleis kalla trettande dag jul. Dagen vart feira til minne om Jesu dåp og dei tre vise menn.

Inntil festdagreduksjonen i 1771 var trettandedagen ein offentleg heilagdag i Noreg. Mange stader vart dagen markert også etter at den ikkje lenger var heilagdag.

Dette er dagen der ein, om ein føl gamle tradisjonar, “kastar” jula ut, sjølv om nokre held fast på at jula skal ut 20. dag, altså 13. januar.

Kvifor står det mellom 13. dag og 20. dag jul?

Etter den gamle julianske kalenderen er sjette januar juledag. Etter overgangen til den gregorianske kalenderen vart dagen heitande trettande dag jul. Dagen vart også kalt heilage tre kongars dag, gamle juledag, epifani og Kristi åpenbaringsdag. Dagen markerer slutten på jula i mange land, og hos katolikkene markerte den overgang frå faste til karnevalstid.

Tjuandedagen har ei anna historisk forklaring.

Denne dagen er den såkalla oktavdagen til trettendedagen. En oktav er i kristen, liturgisk samanheng ein periode på åtte dagar som fylgjer etter ein viktig festdag i kyrkjeåret. I dette tilfellet tolvte dagen, som tidlegare var julaftan.