Nynke van Schaik ved Myrdal Gard. (Fotomontasje av skjermdump frå Facebook.)

Fleire prisar til Myrdal Gard

Publisert av: May Britt Meland
3/9/2022 10:47

Under Bergen Matfestival 2022 denne helga vart Myrdal Gard tildelt fleire prisar.

Prisane vart delt ut av landbruks- og matminister Sandra Borch, Fylkesordfører i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland og ordfører i Bergen, Rune Bakervik.

Jasper og Nynke van Schaik ved Myrdal Gard vann prisen for “Årets lokalmatprodukt” med den nye osten IBEX som er laga av både ku- og geitemelk. Det heiter i begrunninga frå juryen at dette er eit nyskapande og attraktivt produkt. Produktet er framstilt av lokale råvarer og gir ei unik smaksoppleving. Det er god presentasjon av produktet på stand. Emballasjon har tydeleg emballasje og produktinformasjon, som byggjer oppunder bedriftens identitet.

 

Nynke van Schaik ved Myrdal Gard og Påldtun frukt og bær frå Gloppen, fekk prisar for lokalmat av matminister Sandra Borch. (Skjermdump frå Facebook.)

 

I tillegg vart Myrdal Gard tildelt Spesial-merket for osten Vellagra kvit geirost av  Stiftelsen Norsk Mat.
I omtalen skriv juryen:
Osten er en fast geitemelks-ost produsert av melk fra egen gård og fra Tine. Osten ystes etter en klassisk gouda-metode tilpasset geit-ost. Den ferdige coates med voks og lagres i minimum 9 måneder før den er konsumklar. Osten har en fin og tiltalende aroma. Den er smaksrik med noe nøtteaktig preg og noe florale toner, lang og rund ettersmak. Myrdal Vellagra Kvit Geitost er en ost i særklasse.

 

Tysnesingen.no gratulerer Myrdal Gard!