Os Turlag til Hovlandsnuten

Publisert av: May Britt Meland
8/5/2023 09:19

Søndag 7. mai var Os Turlag på tur til Tysnes. Med turleiarar frå Tysnes Turlag, vart det ein flott tur for dei 24 glade turgåarane frå Os. Turen starta frå Skaret ved halv elleve tida. Via Vasstølen og Sandlopeskaret gjekk turen til Hovlandsnuten.

Osingane let seg imponere over den fantastiske 360 graders utsikta på Hovlandsnuten.

Nedturen gjekk fyrst til Etlådne, ned mot Breistølen, og så Idlekleiv tilbake til Vasstøl og Skaret.

Det må nemnast at eldstemann på turen var 86 år, men det var på ingen måte han som sleit mest!

Foto: Tysnes Turlag