Publisert av: Martha Nygård Lande
4/2/2022 09:03
Nysnø i Eikedalen og fleire heiser blir opna
Dei siste dagane har det kome rundt 40 cm nysnø i Eikedalen Skisenter, og det fortsetter å snø.
Fram til no er det barneheisane, Setertrekket og Tallerkentrekket som har vore i drift, men lørdag blir også Tvillingtrekkene opna.



Det trengs framleis litt meir snø nederst i Bergensløypa, men dette ser ut til å ordne seg til lørdag morgon.
Dagleg leiar hos Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum, seier dei også har vore høgare opp i fjellet, men sikten har vore for dårleg til å få eit godt overblikk der.
Det blir kveldskjøring i dag, fredag, i Setertrekket, Tallerkentrekket, Veraheisen og Tobiasheisen, og i helga er det åpent på dagtid.


For meir info kan ein ta kontakt med daglig leder Fredrik Tønjum på telefon 922 68 886.