Bok & Fritid flyttar inn i nye lokalar

Publisert av: Dagfinn Sandvik
14/4/2018 12:03

På ein fin vårdag viste temperaturen heile 16 grader, og i solsteiken utafor det gamle lokalet ved Tysnes Bok & Fritid, tok Tysnesingen ein prat med butikksjefen Rannveig Helland. Ho skal nemlig flytte inn i ny butikk i Våge Senter, eller Triangelet, som me er vane med å kalle det. Lokalet skal bli laga til der som det no er kafê, så det vert ein relativt liten butikk, faktisk landets minste, innanfor leikebutikkjeda «Yes», som dei tilhøyrar.

 

Helland trivs godt med jobben, som ho no har helde på med i åtte år. Ho seier at dei ser fram til om eit år, då det nye senteret i Våge er ferdig utbygd. Då håpar ho å få enda større lokalar og utvide sal av forskjellige kontorrelaterte utstyr og fleire leiker. I mellomtida må ho nøye seg med å drive butikk frå det små lokalet, noko som gjer at ho vert nøydd til å kutte ut sal av bøker. Men det skal leggjast til at ho framleis kan skaffe bøker til kundar som ynskjer det. Framover vert det hovudsakleg sal av leiker og kontorutstyr som vert hovudfokus. I den forbindelse ynskjer ho bedrifter på Tysnes hjarteleg velkomne til å handle hos henne, dei skal få gunstige prisar, seier ho med eit smil.

 

Opningstidene vert dei same som nabobutikken Malia, dvs. 09.00 til 17.00, og torsdag og fredag held dei open til 18.00.

 

Rannveig seier det vert mykje positivt med å flytte butikken over gata og inn i Våge Senter, mellom anna vil ho få mange drop-in kundar, til dømes kan ungane gå på leikebutikken samstundes som foreldra er å handlar på butikkane som held til ved sidan av. No treng ikkje ungane krysse bilvegen for å komme å sjå på leiker.

 

I veke 17 byrgjar dei å flytte inn, og 2. mai satsar dei på å opne den nye butikken. Då vert det feiring med kaker og kaffi. Fram til dess vert det supersal på varene i gamlebutikken.

 

Butikksjef Helland har nyleg tilsett Iselin Hauge, som går på arbeidstrening gjennom NAV. Rannveig synest dette er eit veldig positivt tiltak og skryt over NAV Tysnes. Per i dag har ikkje Rannveig økonomi til å løne fleire tilsette, men på sikt kan det verte aktuelt.

 

Rannveig fortel at dette er ein sesongbasert bedrift, og at det er om sumrane, då det er mykje hyttefolk heime, og rundt juletider at ho får seld flest varer. Det er desse periodane som får bedrifta til å gå rundt.

 

Helland avsluttar med å ynskje alle kundane sine velkomen til den nye butikken hennar. Og me i Tysnesingen takkar for praten!