Countrysax skal ha konsert på Tysnes Omsorgssenter

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/11/2023 10:48

Fredag 17. november, klokka halv tolv, blir det konsert med Countrysax på Tysnes Omsorgssenter.

Det er nyinnflytta tysnesing, Reidar Sakseide, saman med to medmusikantar som utgjer gruppa Countrysax .

Saman skal dei bringa til torgs ei rekke gode gamle countryhits, frå Jim Reeves til Hank Williams, frå Merle Haggard til Buck Owens.

Reidar sjølv spelar piano og syng, mens Harald Dyb er ein virtuos på steelgitar og Arne Opseth fyller ut på gitar.

Dette vert ei triveleg stund om du er glad i god gamal country!!!

Så er du pårørande til, eller har ein god ven på Omsorgssenteret? I så fall er dette dagen for eit besøk, men konserten open for alle, og den er gratis.