Foto: ukm.no

Ung kultur møtes (UKM)

Publisert av: Dagfinn Sandvik
4/2/2019 14:30

Er du mellom 13 til 20 år og driver med ein eller anna form for kunst, hobby, eller ei spesiell interesse, gjerne relatert til musikk? Her hos UKM kan du melde deg på og få moglegheita til å representere kommunen din i ein større konkurranse.

 

Foto: ukm.no

 

Heilt sidan 1985 har UKM fått støtte frå Staten til å drive med ungdomskultur. Kvart år er det 25 000 ungdommar som deltar med eit bredt spekter av kunst og kulturutrykk. Gevinsten for deltakarane, og vinnarane, er å få stå på scenen og framføre oppvisninga si framfor eit stort publikum.

Søknadsskjema finn du på UKM si heimeside her.

 

Foto: ukm.no

 

Mange unge har ein draum om å nå langt med det dei brenn for, og å bli populære på lik linje med deira idol og førebilete. UKM gjer dette mogleg å få realisert.

Ulike underhaldningsprogram på fjernsynet, slik som The Voice, Idol, og All Togheter Now Norway, er konkurransar retta mot sang og musikk. UKM har eit litt breiare repetoar, der ein med andre talent også kan få vist seg fram. Kristin Skorpen og Tiril Falch Solheim frå Tysnes, hadde til dømes kunstutstilling som katagori då dei deltok i konkurransen.

Omtrendt 300 ungdommar frå kommunane i Hordaland deltek kvart år. Tysnes har hatt fleire flinke deltakarar med i konkurransen, der nokre har klart å kvalifisere seg vidare, men ingen har endå nådd heilt til finalen.

 

Foto: Skjermdump Youtube

Tidlegare deltakarar frå Tysnes, Nora & Tamara -Tamara Helland og Nora Stien.

 

Foto: Skjermdump Youtube

The Phoenix – Øyvind Kleppe, Henrik Epland, Ludvig Dalland og Håkon Knudsen.

 

Foto: Arkivfoto, Tysnesingen

Elisabeth Helgesen, frå Tysnes, var med i UKM i 2015.