Nytt slepp frå Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
20/2/2018 10:00

Ingebjørg Bratland er klar for Tysnesfest 2018!

Det blir garantert ei av sommarens vakraste stunder når Ingebjørg Brattland kjem for å opptre i Onarheimskyrkja.

Ingebjørg Bratland er godt forankra blant nye og tradisjonelle musikkelskarar. 25 millionar strøymingar av hennar katalog samt 40.000 solgte cd’ar av «Måneskinn» er klar tale!

 

 

70 utselde konserter på siste turné taler vel og for seg sjølve. Det er ingen overdriving å kalle artisten frå Vinje for ein aldri så litan popsensasjon. 6. oktober sleppte ho også sitt fjerde album, “Hjarteskjell”, til strålande meldingar.

Bransjebladet Musikknyheter gav albumet 9/10 og skreiv: “Hjarteskjell er et sterkt album og et høydepunkt i plateåret 2017. Herlig musikk som bringer lune toner til høstmørket».

 

 

Ingebjørg Bratland skal ut på ein omfattande turné i 2018, noko ho gler seg til: ”No skal eg snart ut på vegen att! Kjenner det kriblar bra etter ei lang pause. Noko av beste med å gje ut ny musikk er å reise på turné. Og ikkje minst at eg no har endå fleire songar å velge i! Gler meg til å pakke kofferten for å ut å fylle alle dei flotte konsertsalane rundt om med både nye og songar de har høyrd før! Håpar de vil dele kvelden med meg!”, seier ho sjølv.

 

 

  • Det er ingen live-debutant me har med å gjere her; Bratland har evna å bergta sin konge, sitt publikum og sine meldarar med sin klåre, sterke stemme, ekte fremføring og fengjande låtar.
  • Me er og utruleg glade for at Ingebjørg har takka ja til å spela for bebuarane på sjukeheimen slik kyrkjeartistane våre pleier å gjere.
  • Konserten er inkludert i Tysnesfest-festivalpass, men det er begrensa plassar reservert mot festivalpassa, og det er fyrstemann til mølla. Om ein skal nytta seg av denne sjansen må ein melda seg på via tysnesfest.no/kyrkjekonsert, elles kan enkeltbillettar kjøpas på tysnesfest.no/billetter

Ingebjørg Brattland speler i Onarheimskykja sundag 15. juli. 

 

 

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018:

Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels