Nye artistar klare for Tysnesfest!

Publisert av:
2/3/2016 19:00

Ausekarane har vore her fleire gongar før, men i år skal dei kjøra full konsert på Gjerstad Arena og me kan lova liv og røre!

 

Charlie Rackstead & The Stickelsbergen Ramblers kjem heilt frå Minnesota for å gje oss norske songar oversatt til engelsk.

 

Klypa skal ut på seilas i Beltestredet, og vil garantert syta for at lattermusklane får kjørt seg i Bermudateltet.

 

Truls Horvei og De Søvnløse vart booka av festivalsjefen under 100 Dagar på Stord i år, og me gler oss stort til å presentera dei for Tysnesfest-publikummet.