Publisert av: Martha Nygård Lande
25/4/2025 11:04
Tysnesmeisterskapen i bowling
Tredje på rad!
For tredje året på rad vart Jostein Mehl Tysnesmeister i bowling.
Til slutt vann han med heile 72 pinnefall meir enn nr to, Olav Helge Dalland.
15 spelarar deltok i meisterskapen der alle spelte tre rundar tysdag og tre rundar onsdag. Alle seks rundene talde.
Onsdag fekk Andersland Bygg 1, som vann 1. divisjon, og Andersland Bygg 2, som vann 2. divisjon, pokalane sine.
Dermed er turneringsspelet over for denne sesongen. Bowlinga vil ikkje ha faste opningstider i sommar, men du kan likevel bowle dersom du ønskjer det.
Send sms eller ring 996 40 123 så skal me få nokon til å hjelpa deg, slik at du kan bowle.