Arkivfoto frå Palfinger sitt klubbmeisterskap 2017.

Klart for ny sesong

Publisert av: May Britt Meland
11/8/2020 18:07

Helge Hauge i Bowlingklubben fortel at dei no er klare til å starte opp sesongen 2020/21.

Hauge fortel at det vert turnering etter same opplegg som tidlegare. Forrige sesong var det påmeldt 16 lag som spelte i 1. eller 2. divisjon. -Korleis det vert organisert denne sesongen er avhengig av kor mange lag som melder seg på.

Turneringa vil som før gå måndag og onsdag med torsdag som alternativ annakvar veke. Laga har tre spelarar som speler tre rundar kvar.

-Er de ei bedrift eller ein vennegjeng som likar å bowla, er de hjarteleg velkome!

Kamp annakvar veke, kr. 300, pr kamp.
Ikkje påmeldingsavgift.

Vil de vera med på bowlingturnering 2020/21? 

Påmelding innan 21. august til
helge.hauge@haugnett.no
Bowlingklubben