Sigersglede i hallen! Foto: Cecilie Fagerbakk Hauge Hansen

Jubelen stod i taket

Publisert av: May Britt Meland
11/11/2018 14:50

Det var ellevill jubel i hallen i formiddag då J15 etter hard kamp kunne dra sigeren i havn. Det vart ein tøff kamp mot Kjøkkelvik!

I fyrste omgong låg Tysnesjentene under, dei kjempa hardt mot motstandarane, men greidde aldri ta leiinga. Like før pause slapp Tysnesjentene motstandarane litt, og stillinga til pause vart 8-11.

Andre omgong vart mykje lik fyrste, jentene kjempa men greidde ikkje ta leiinga. Når klokka nærma seg sluttspel, gjekk alvoret opp for Tysneslaget. Dei henta seg opp frå 11-15, og greidde å ligge likt med motstandarane.
Dei siste minuttane vart nervepirrande! Det står 18-17 etter at keeper Emma Marie Bruntveit scorar på straffe. Kjøkkelvik fekk inn eit mål til, og med kun sekundar igjen av omgongen set Annica Reimdal Vee inn vinnarmålet! Sluttresultat vart 19-18.

Ein svært spennande slutt, og ein velfortjent siger til Tysnes!

Etter 5 sigrar på rad, har Tysnesjentene plassert seg velfortent øverst på tabellen.