Ny heimasiger etter 13 fantastiske minuttar i andre omgang
26/8/2018 15:33
A-laget hadde lørdag besøk av Vadmyra 3 som me fort la merke til at hadde med seg andre og fleire spelarar enn i bortemøtet i vår.
Dei gjekk tøft ut og me merka at dette nok kunne bli et vanskelig lag å bryta gjennom forsvaret hos. Etter 17 min fekk me uansett uttelling på et langskudd frå Aksel Lande, der Roy stod for forarbeidet på venstrekanten. Skuddet til Aksel var hardt og godt plassert nede i hjørna. 1-0.
Bortelaget skapar to kjempesjansar på oss før pause men heldigvis for oss er keeper Kjartan Hagen i storform for tida og leverar årets redning sålangt når han reddar ein heading.
Me gjer eit par endringar i pausen for å utfordra bak forsvaret til Vadmyra og dette skulle visa seg å gje utslag. Etter nokre minuttar av andre omgang er det bortelaget som utlignar direkte på et frispark som blir limt i vinkelen. Når dette skjer så ser det ut så me berre girar opp og bestemmer oss for at denne kampen ikkje skal tapast.
Anført av Roy Korsnes på topp scorar me fira mål mellom 55. og 68.min. Fyrst skaffar Roy frispark som Thomas Hagen slår inn, Terje Hagen headar i tverrligger/keeper og Didrik Milde Thorbjørnsen header inn returen på.
Roy spelar så fri Lasse Skulstad som hamrar ballen i vinkelen frå 17-18m. På vårt fjerde mål er det Didrik som leverar forarbeidet til Alexander Kleppe som forserar oppover før han smell ballen i lengste hjørnet.
To minuttar seinare er Roy igjen på raid og blir felt av keeper. Me får korrekt straffe som Didrik set i mål.
Innimellom her så må me ta med at Kjartan igjen leverar ein matchvinnande redning i motsatt ende.
5-1 og me styrkar posisjonen vår på tabelltopp og har no scora 48 mål på 10 kampar denne sesongen. Knallsterk lagseier og ein veldig god sesong fortsetter.
Tekst; Thomas Hagen