Foto: Siv Kristin Hovland

Skogbrannfare!

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/6/2023 16:54

Melding frå Tysnes brann og redning:

Du har kanskje sett at det er gult farevarsel for skogbrann i vårt område. Me i brannvesenet følger like mykje med på farevarselet som gjeld spesifikt for gras og lyngbrann. No lyser det raudt og betyr stor fare! Me har mykje gras og lyng på Vestlandet, og denne typen vegetasjon tørkar svært fort ut. Så tørt som det er no skal det veldig lite til før det tek fyr.

Sjølv om det innimellom er overskya, er det berre store mengder regn som kan redusera brannfaren i terrenget. Hjelp oss å forhindre brann – ver forsiktig med all bruk av eld ute i naturen!

https://skogbrannfare.met.no/ffmc.html