KarTent, Skjermdump YouTube

Har du lyst å sova i eit kartongtelt?

Publisert av: May Britt Meland
3/2/2019 17:58

 

Det er stor etterspurnad etter overnatting under Tysnesfest, og arrangørane har alltid strekt seg langt og gjort sitt ytterste for at alle feestivaldeltakarar skal få eit godt tilbod. I fjor vart suksessen Pod Town lansert, og i år kjem det endå ei nyvinning: KartTent.

-Kvifor dra med deg teltet til festivalen når det finst eit bærekraftig, ferdig oppsatt, kartong-alternativ klart til bruk, spør Tysnesfest.
Dei forsikrar at “telta” er:
– vanntette,
– lystette
– hangover-vennlege (sval og kjølig) om morgonen.

Her er det god plass til å liggja i skei med din favorittperson!

 

Og om du er i det kreative hjørnet, er det godt høve til å setje sitt personlege preg med fargerike dekorasjonar.

 

Tysnesingen fann denne videoen om KartTent på YouTube!