Bygdamøte i Hålandsneset med tema Arealplan og E39

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/2/2020 09:56

Stinn brakke med 32 interesserte hålandsnesingar på bygdamøte i grendahuset. Målet var å laga innspel til rulleringa av arealplanen i Tysnes.
Bakteppet var at Hålandsneset er ei av bygdene som må ofra mykje livskvalitet dersom E39 kjem der den no er planlagt. Hus som er bygd siste åra vil liggja tett inntil traséen, og verdien vert sterkt forringa. Store turområder vert øydelagt. Reksteren, Hålandsneset, Søreide og Flatråker vil verta delt i to.

Med bakgrunn i endringane som vil koma, vart det sett på som viktig at dei områda som ikkje er påverka av ei utbygging, vert opna for fortetting som byggeområde for hus og naust. Dette er i tråd med samfunnsdelen av kommuneplanen.
Fleire gav uttrykk for at Tysnes Kommune må gje oss noko att i form av råderett over eigne bygder. Lista over innspel til arealplanen vart lang.