Åse Enes og Elisabeth Sandven syter for at varden vert godt synleg. Foto: Ketil Skjolde

No vert det lett å finna vegen

Publisert av: May Britt Meland
16/6/2020 10:48

I helga hadde Sti- og merkegruppa i Tysnes Turlag sitt fyrste merke- og vardekurs. Instruktør Jarle Hevrøy frå Stord-Fitjar Turlag hadde teke turen til Tysnes for å halda kurset.

Kurshelga starta fredags kveld med teori i varmestova til Onarheim IL. Laurdagen var det praksis med vardebygging, merking, plassering av varder og merker og rydding av sti. Turen gjekk frå Solheimsdalen til Såto, og deltakarane fekk mellom anna læra korleis ein bygger ein varde og korleis T-en skal malast. Vardar må stå godt i terrenget, og tåle å stå gjennom vinteren. Det er også viktig at varden er godt synleg.

 

Ny flott varde som er godt synleg.

 

 

Karl Lunde, Lars Enes og Lorentz Lunde passar nøye på at merket står stødigt for vær og vind.

 

Foto: Ketil Skjolde