Frå venstre; Inge mikal Helland, driftsansvarlig ved Miljøstasjonen, Hilde Marie Sæverud Mehammer og Johnny Helgesen frå Tias som har bemanna Miljøstasjonen og Vegard Aslaksen, dagleg leiar Tias

Takk for samarbeidet

Publisert av: Vegard Aslaksen
25/6/2018 07:57

Tysnes Industri AS (Tias) har i snart 5 år samarbeida med SIM om bemanning av Miljøstasjonen i Eredalen. I den travleste delen av sesongen har det stort sett alltid vore ein fast tilsett ved Tias som har bemanna Miljøstasjonen i saman med driftsansvarlig Inge Mikal Helland.

Frå i sommar av vil ikkje lenger personell frå Tias vera ein del av besetninga på miljøstasjonen i Eredalen. Tias har vorte nøydd å prioritera eigen produksjon og har difor ikkje kapasitet til å halda fram med å bemanna miljøstasjonen.

Tias vil med dette takka SIM og driftsansvarlig Inge Mikal Helland for eit strålande samarbeid. Miljøstasjonen på Tysnes har vore ein god arbeidsplass, med eit flott arbeidsmiljø og ikkje minst mange koselige kundar. Det må jo vera ein av dei mest sosiale stadane på Tysnes. Me ynskjer Inge Mikal og hans nye kollegaer lukka til vidare med drift og utvikling av Miljøstasjonen på Tysnes