No kjem dampen

Publisert av: May Britt Meland
24/5/2019 11:11

Vil du komme for å sjå når dampen kjem til E H Vaage?

M/S “Granvin” på Byfjorden 2008. Foto Harald Sætre

 

 

Haaheim Gaard med husfar Torstein Hatlevik i spissen har lenge drive med restaurering og opp-pussing av den gamle handelsplassen på Uggdalseidet.

No kan Torstein fortelje at søndag 26/5 kjem MS Granvin til den gamle dampskipskaien. Båten kjem kl 15.30 og ligg til 18.00.

Det er heile 36 år sidan sist rutebåten låg til kai her, difor hadde det vore ekstra stas om mange kom for å ta del i denne hendinga, seier Torstein. -Desutan er det nok mange som er spente på restaureringa av den gamle handelsplassen. Vi er snart ferdige; så dei som har lyst, kan få komma og sjå seg om medan dampen er der.

Torstein lovar kaffi og eitkvart å bite i. -Og: arrangementet er gratis, legg han til.

 

OBS! Det er ikkje parkering nede ved kaien.

 

Her er eit aldri så lite glimt frå noko av det som er gjort inne.