Kjøkkenhage kurs – til inspirasjon for mange!

Publisert av: May Britt Meland
17/3/2024 21:26

Flatråker bygdalag synes det er svært kjekt at så mange hadde meldt seg på “Kjøkkenhage kurset” me arrangerte i Bygdastovo vår!
Så mange var interesserte, at det vart ei lang venteliste i tillegg!
Ikkje rart det, med ingen ringare til å halde kurset enn Ida, kjent frå tv serien “Draumen om eit småbruk”!

Ho er ei jordnær (bokstaveleg tala), uredd, kunnskapsrik og engasjerande grønnsaksbonde frå Lundemannsverk på Stord.
Me opplevde ei interessert gruppe, og kjekt at ein kunne stille spørsmål undervegs, og plukke opp tips frå både Ida og kvarandre.
Kan hende vil det spire ekstra i mange kjøkkenhagar på Tysnes denne sesongen?
Me vil prøve å få til ei samling med Ida igjen, då nemde ho at det kan verte aktuelt til hausten.
Me gler oss allereie!

På vegne av styret i Flatråker Bygdalag, May Siren Holme