Foto: John Tye

Eit litt skummelt vårteikn

Publisert av: Dagfinn Sandvik
16/4/2018 12:34

Eit sikkert vårteik vart oppdaga på ein skogstur av John Tye.

Hoggorm (Vipera Berus) er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien, men den einaste som lever fritt i Nord-Europa. Arten er ein av tre frittlevande slangeartar i Noreg, og den einaste som er giftig. Dei to andre er buorm (Natrix natrix) og slettsnok (Coronella austriaca). Hoggormen er freda i Noreg.

Beskrivelse:

Hoggormen er normalt lett gjenkjenneleg på sikksakkmønsteret den har på ryggen, men på dei mørkaste eksemplarane kan mønsteret vere vanskelig å sjå

Hoggorm bevegar seg, i Skandinavia, sjeldan i høgare terreng enn 1300 moh. Det har vore observert hoggorm på Hardangervidda.

Foto: John Tye

Er hoggorm giftig?

Det er nok mange som undra seg om kva som skjer viss ein vert biten av denne giftige slangen. Minst 30 prosent av bitt fra denne er såkalla “tørre bitt” (uten gift), og ingen reaksjon oppstår. Born er spesielt følsame for hoggormgift.

Forsøk aldri å fange ein slange som har bitt, sjansen for at den bit på ny er stor.

Foto: John Tye

Typiske symptomar og teikn:

  • Eit eller to punktmerkjer i huden etter slangebittet
  • Smerte, raudheit og mogleg hevelse
  • Kvalme og brekningar
  • Synsforstørrelsar
  • Svetting
  • Alle med symptomar, utover milde reaksjonar rundt bittstaden, skal til sjukehus
  • Ta kontakt med lokale helsemyndigheitar om du er usikker. Enkelte slangegifter gjer ikkje symptomar før fleire timar etter bittet

Foto: John Tye

Fyrstehjelp:

  • Trekk pasienten unna/sikre skadestaden slik at både pasient og behandlar unngår nye slangebitt
  • Få pasienten til å leggje seg ned
    • Be vedkommande leggje seg ned og vere i ro for å forsinke spreiing av gift i kroppen
      • Forsøk å unngå panikk-stemning rundt pasienten. Indre uro aukar hastigheiten på giftspreiinga
    • Ikkje gje pasienten mat eller drikke. Alt av legemidlar bør unngås inntil man har forsikra seg om at disse ikkje har ein negativ virkning på pasienten
    • Fjern ringer/kler eller liknande som kan bli vanskelig å fjerne dersom bittstaden vert hovent
    • La bittstaden vere i fred. Om man klemmer, skjerer eller suger i bittet forverrar dette skaden
  • Ring 113/lokal naudtelefon
    • Beskriv om mogleg slangen slik at sjukehuset veit hvilken anti-slangegift som eventuelt skal gjes (gjelder særlig i utlandet)
    • Pasienten bør fraktes til eit lokalt sjukehus så raskt som mogleg
    • Ulike slangebitt behandles på ulikt sett, lokal naudtelefonen vil gje riktige råd for området
  • Hald bittstaden i ro
    • Beskytte bittstaden med sammenrullede tepper eller handkle
  • Viss pasienten vert bevisstlaus
    • Sørg for frie luftvegar og at pasienten pustar
    • Legg vedkomande i sideleie viss vedkomande pustar. Ver klar til å begynne med gjenoppliving om nødvendig