Skjermdump frå Tysnes gjev meirsmak

No er nettsida på plass

Publisert av: May Britt Meland
10/6/2021 15:07

I dag vart nettsida meirsmaktysnes.no publisert.

Som omtalt tidlegare denne veka i ei pressemelding frå Tysnes Næringsråd, skal nettsida gje gjestar til Tysnes og lokalbefolkninga ein portal for samla informasjon om Tysnes som reisemål.

Nettsida er eitt av resultata av eit felles omdømeprosjekt som Tysnes Næringsråd tok initiativ til i 2020. Målet er å synleggjera det unike Tysnes har å by på av tenester, opplevingar og produkt gjennom felles marknadsføring.

På sida finn ein nyttig informasjon om kultur, mat, overnatting, aktivitetar, attraksjonar og gjestehamner. -Og masse flotte bilete!

Camilla Korsnes fortel til Tysnesingen at sida framleis er under utvikling, og at ein mellom anna skal få inn ein “Handels-fane” etter kvart.

 

Her ser du litt av det ein finn under fana “Aktivitetar”