God start for G 15

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
18/4/2018 19:26

Tekst: Helge Hauge

Njardar/Tysnes G 15 spelte den første seriekampen borte mot Smørås, og laget kunne reisa heim med siger 11-3.
Laget stiller i år sjuarlag, men likevel har me ikkje meir enn nok spelarar.

I byrjinga var det synleg at dette var den første seriekampen. Spelarane var ikkje heilt venn med ballen, og laget fekk ikkje spelet til å flyta.

Etter at Mathias nikka inn det første målet, roa ein ned spelet, og me fekk til tider sjå godt spel. Når spelet flaut, brukte spelarane få touch, og ballen vart slått presist til medspelar. Dersom laget held fram slik, skal det verta vanskeleg å slå.

Me skal likevel ikkje vera overmodige då motstandaren var svak.
Desse laga måla: Thomas F.K 5, Øyvind 2, Mathias 2 Jonas og Daniel.

Desse spelte: Joachim Christensen, Daniel Hagen, Jonas Hagen-Lunde, Lasse Bakkane, Markuss Staskevics, Mathias Bakke, Thomas Hatteberg-Olsen,Thomas f. Kjerrgård, Tobias Hagen og Øyvind Helvik

Neste kamp vert heime på reiso førstkomande søndag kl. 1600.