Njardar/Tysnes
2/9/2016 08:07
G 16: Njardar/Tysnes – Nymark 2 4 – 3
G 16-laget til Njardar/Tysnes har spelt to kampar i haust. På Stemmemyren tapte laget 0 – 1 mot Sandviken.
Heime mot Nymark 2 vart det siger 4 – 3.
Njardar/Tysnes har mista fleire spelarar sidan i vår, og no treng me at alle stiller for å spela kampane. Mot Nymark 2 hadde laget 12 spelarar.
Spelet var svært oppjaga i store delar av 1. omgang. Njardar/Tysnes hadde eit nykomponert forsvar, og dette gjorde at det vart litt svikt i kommunikasjonane.
Nymark gjekk tidleg opp i leiinga 2 – 0. Kenneth reduserte, og eit sjølvmål gjorde at stillinga ved pause var 2 – 2
I andre omgang roa heimelaget spelet, og då fekk me til tider sjå bra kombinasjonar.
Njardar/Tysnes hadde jamt over eit godt tak på spelet, og det var fortent at Kennet scora sitt andre mål.
Nymark utlikna, men eit flott mål av Simen gjorde at Njardar/Tysnes vann fortent.
Spelarane stod på gjennom heile kampen trass i det ufyselege veret. Målmann Knut Jørgen har utrvikla seg mykje i løpet av sesongen, og ute på banen var det full innsats.
Desse var med. Knut Jørgen Nesland, Remy Gundersen, Sjur Håvik, Viljar Kaldefoss, Sjurd Pedersen, Isak Enes, Sigbjørn Dahle, Simen Fosså, Jakob Ljones, Kristoffer Rojas, Kenneth I. Dalland og Emre Hagen
Tekst: Helge Hauge