Teaterpedagog og sjukehusklovn, Madeleine Straume

Kva er klovning

Publisert av: May Britt Meland
20/7/2019 19:56

Tysnesingen.no har snakka med Madeleine Straume som skal halda både dags- og vekeskurs i teater og klovning på Tysnes i sommar, men kva er eigentleg klovning?

Det er sikkert mange som koblar klovning opp mot mellom anna ansiktsmaling og ballongdyr, seier Madeleine. Det er langt frå det eg skal tilby i sommar! Innan film finnast det mange sjangrar; action, komedie, triller osv. Innan teater er det også mange sjangrar; for eksempel barneteater, politisk teater, absurd teater, musikal teater, komedie, tragedie og fysisk teater. Klovning høyrer heime i sjangeren fysisk teater.

Treng ein eit bestemt kostyme?
Nei, svarar Madeleine. Klovning kan være både med nase og utan. Kjende klovnar som du har sett utan raud nase på, er til dømes Charlie Chaplin, Rowin Atkins (Mr.Bean), Robin Williams og Jim Carrey.
-Kva er det som gjer at du kallar desse klovnar, spør vi. -I klovnemiljøet vert desse skodespelarane sett på som klovnar. Dei har lært dei mange oppskriftene som fører til latter, og brukar kroppen som sitt instrument, både med og utan det verbale, svarar Madeleine.
-Repitisjon av ein feil eller eit uhell er ein klassikar. Dette ser du tydeleg på tv når jula kjem, hovmesteren snublar over tigerhodet igjen og igjen og igjen.

Litt om sommarkursa
Madeleine fortel at ho i sommerkursa som ho skal halda i klovning, saman med deltakarane vil utforske og praktisere fleire oppskrifter som fører til latter, både med og uten raud nase. Det vil mellom anna vere fokus på bevegelse og samarbeid, og ho lovar deltakarane mykje latter!!

Kurshaldar Madeleine har tildlegare annonsert at ho skal halda 5 dagars kurs i klovning og teater, men ho har no opna opp for dagskurs også for dei som berre vil ha ein smaksprøve.

-Er der ein aldersgrense for dette? -Nei, å lære har ingen alder, derfor tilbyr eg kurs i klovneteknikk til alle aldrar, avsluttar ei sprudlande Madeleine.
Synast du dette verka interessant, ta kontakt med Madeleine! Info finn du i linken her.