Foto: Rebekka Høgestøl

Gjenstandane frå Hovland gjekk raskt unna

Publisert av: May Britt Meland
9/6/2018 21:01

Fekk du ikkje med deg dagens “happening”? I artikkelen finn du eit godt utval av både bilete og videoar!

Tysnes Kommune har planar om å selja bygningane til den gamle Hovland bu- og omsorgssenter. I den forbindelse har dei kontakta ulike lag i Onarheim sokn med tanke på å stå som arrangører av eit loppemarked og ein auksjon av inventar og diverse gjenstandar. Tysnes kystlag, Tysnes musèlag og Tveit bygdalag har takka ja til dette.

Då dørene opna kl 11 strøymde det på med folk. Mange var heldige i dag, og sikra seg røvarkjøp på loppemarkedet og auksjonen på Tveit.

Variert utval

Her var det eit stort utvalg av møblar, som senger, sofaer, veggseksjonar og kommodar, diverse dekketøy, kjøkkenutstyr og redskaper, kvitevarer som fryseboks, kjøleskap og mikrobølgeovn, pyntegjenstandar, lampar og lampettar.

Av gjenstander som var på auksjonen kan mellom anna nemnast fleire rosemalte kister, ein vev, to elektrifisering gamle veggur, gammal Radionette combi radio/platespelar, bilder, gamal skrivemaskin (utan kulehode og rettetast!), gammal reknemaskin, mikroskop med lyskilde, gammalt orgel, samt spesielle kjøkken og porselens gjenstandar.

 

Dagens auksjonarius var den alltid slagferdige Lorentz Lunde.

Budrundene vart både spennande og underhaldande med mange gode innspel frå Torstein Hatlevik.

–Og jammen vant han budrunden også!

 

 

Patrick R.Madsen falt pladask for dette trøorgelet. Vann han budrunden på auksjonen mon tru, me får sjå om det dukkar opp på Mandelhuset etterkvart…..

Foto: Rebekka Høgestøl