Årets såteartist er klar!

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/4/2022 20:01

OnklP & De Fjerne Slektningene er klare for å rocka både Tysnessåto og Gjerstad Arena i sommar!

Ikkje berre skal dei opptre for eit fullsatt Gjerstad fredag 8. juli, men me blir ikkje overraska om det blir ny publikumsrekord på Tysnessåta når dei dreg i gang sin semiakkustiske konsert torsdag 7. juli.

Arenaen 753moh har eit perfekt bakteppe uansett kva veg ein snur seg, og me kan garantera ein magisk opplevelse for alle som tar turen opp i dei vakre omgivelsane.

Dei fjerne slektningane består av medlemmer frå Oslo Ess, Turbonegro og OnklP, og har frå fyrste stund imponert med sin musikalske stil og levering av  sangtekstar om tema som kjærleik, håp, dop og død. Dei er eit av landets desidert beste liveband, og er kjend for sine sagnomsuste konsertar og forrykande sceneshow.

Knut Oscar Nymo og Åsmund Lande frå Oslo Ess har faktisk vore på Tysnessåto før, då med bandet Oslo Ess som aller fyrste «Såteartist» i Tysnesfestsamanheng. Noko dei hugser godt, og har svært gode minner frå.

OsloEss frå Såtekonserten i 2014.
Foto: Camilla Korsnes/Tysnesfest

 

OnklP og slekta har brukt «coronadagane» godt, og har turnert både bak fengselsmurene og på klubbscener. I tillegg har dei gjeve ut det kritikerroste albummet «Sorry for i går» i 2021.

No er dei klare for å turnera Norge – men på ekte med ståande publikum, fulle hus og stormande jubel!

Sitat Øystein Vaage:

– Oslo Ess var aller fyrste band som spelte på konseptet “såtekonserten” under Tysnesfest, og det blei ein fantastisk suksess frå fyrste stund. Eg hugser sommaren 2014 som ein av dei varmaste eg har opplevd på Tysnes, og 650 publikummarar fekk oppleva fantastisk vær, fantastisk musikk og ikkje minst fantastiske omgjevnader. Oslo Ess har i fleire intervju omtalt denne opplevelsen som eit av dei beste konserminna dei har. Det at fleire av medlemmane av OnklP og slekta har vore på Såto før, og snakka varmt om det til managementet var ein avgjerande faktor for at dei strekte seg langt for å få til dette Tysnesbesøket i sommar. 

– OnklP og De Fjerne Slektningene skal i tillegg til å spela på Såto opptre på Gjerstad seint fredag kveld, og me har allereie har selt meir enn halvparten av festivalpassa, så det ligg det an til at dei får spela for ein utseld arena. Ufattelig kjekt å endelig vera heilt sikker på at Tysnesfest 2022 blir i sin vante form med tusenvis av publikummarar tett i tett! 

 

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Gjerstad Arena:

Torsdag: PlumboHagleHalva PrisetSoppgirobyggetHelene OlafsenStaysman

Fredag: Bjørn EidsvågChris HolstenCC CowboysOnklP og De Fjerne Slektningene

Laurdag: Erlend RopstadRonan KeatingSynne VoKjartan LauritzenTIX


Andre arenaar:

Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten