Anders Bakke. (Gjengitt frå Facebook med løyve.)

Vil gje songane meir liv

Publisert av: May Britt Meland
28/8/2019 20:42

Anders Bakke, låtskrivar og trubadur frå Malkenes, meiner det er viktig med songar som skapar lokal identitet. Bakke har laga mange songar med sterk tilknytning til Tysnes. -Vi har vel alle vore med og sunge “Seila heim“!

I fjor fekk han i oppdrag frå Nesse Gard å laga ein “festivalsong” i samband med Mini Surhaa Blues. Songen er spelt inn i studio, men Bakke fortel til Tysnesingen.no at han ynskte å få meir “liv” inn i songen.

Laurdag 24/8 tok han med seg gitaren og lydmann Jan Inge Høgestøl på besøk heim til familien på Nesse Gard. Jentene Milene Mitoka og Ingvill og Angelica Dalland Nesse stilte opp og song med på “Eventyrland”. Lydsporet skal mixast saman med studio-opptaket, slik at songen får meir liv.

Fekk synga på opptak med Anders Bakke; Milene Mitoka.
Ingvill og Angelica Dalland Nesse. Foto: Karianne Dalland Nesse

 

Viktig å sjekke at lyden vert ok. Foto: Karianne Dalland Nesse

 

Seinare på dagen var Anders Bakke på Malkenesfest, der det også vart gjort eit opptak. Denne gongen var det “Malkenessongen” som stod for tur. -Eit studio-opptak kan lett verka litt “dødt”, eg ville få heile Malkenes med og ta opp feststemninga, fortel Bakke.

Dei ferdig mixa songane vil verte tilgjengelege utpå hausten. -Det vil bli annonsert på Facebook, så det er bare å følge med på Anders Bakke si side.

Vil du høyre meir av Anders Bakke, finn du alle dei 27 songane han har spela inn under “De mest populære sporene – Anders Bakke“.

På nrk urørt finn du også ei rekkje av songane hans!