Kjekt på fiskekonkurranse

Publisert av: May Britt Meland
2/8/2026 12:08

Onarheim og Tveit bygdalag saman med Onarheim Idrettslag  arrangerte i går, laurdag 1. august, fiskekonkurranse på OnarHamn.

Det var utruleg kjekk, og ei meget vellykka fiskekonkurranse som vart gjennomført melder bygdalaget.

Heile 63 deltakarar, fordelt på 3 ulike klassar, og eit stort engasjement blant både store og små.


-Sjølv om det var vått i byrjinga, spelte vêrgudane på lag med oss, og me fekk fekk periodevis med opplett, perfekt fiskevèr!


Onarheim og Tveit bygdalag og Onarheim Idrettslag vil rette ei stor takk til alle som deltok og bidrog!

Og ikkje minst tusen takk til sponsorane!