Naboen Min tek på seg Rockesokkane og kjem til Tysnesfest!

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/4/2019 18:37

Denne sumaren kjem det svært populære bandet Naboen Min til Tysnesfest!

Naboen Min har vore spelt i skular og barnehagar over heile landet i lang tid no, og dei vart heidra som vinnar av Spellemann i kategorien «Barnemusikk» for to veker sidan. Dei fekk nok enda ein ekstra oppsving når «Rock your sock» dagen vart feira 21. mars. Då var det nemlig tid for å hylla ulikheiter, og slå eit ekstra slag for like verdiar og rettigheiter for alle. Konseptet var enkelt og greit å para saman sokkar som ikkje er like.

 

  • Ta med deg borna og kom til Bermudateltet torsdag 11. juli klokka 13.00, så kan de synga og dansa til sprudlande og morosam musikk! Gjerne i ulike sokkar.
    Det er ekstra kjekt å kunna booka lokale band. Naboen Min syng på nynorsk, og kjem frå Norheimsund.

Måndag 1. oktober 2018 kom bandet Naboen Min ut med si debutplate «Rockesock». Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor.

 

Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad,

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. Med seg på laget har dei eit knippe erfarne musikarar som til dømes Geir Dahle og Thomas Gallatin, mellom anna med erfaring frå banda til Odd Nordstoga og Morten Abel. Prikken over i-en er likevel eit stjernelag av sprudlande born, som friskar opp songane med barnleg energi.

Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson (trommer) og Eirik Utne (bass). Dei er kjend frå band som til dømes Casiokids, Alibiet, Kiss Kiss King Kong, Good Time Charlie og Silja Sol.

Utanom Naboen Min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på talrike turnéar på barneskular rundt omkring i landet.

Naboen min har hatt ei rekkje konsertar i på skular og i barnehagar, og slik fått bekrefta at ungar likar både å danse og synge til musikken. Borna har respondert veldig positivt på musikken, og det gjer at det er ekstra stas å endeleg kunne presentere musikken for alle som ynskjer å høyre meir!

 

«Denne barneplata fortener mange lyttarar!» – Pirion 18.10.2018

«Om man skal finne noen referanse uti den videre musikkverden som kan sikte inn på hva

det er de tumler rundt med her, er jeg faktisk fristet til å nevne The Beatles’ White Album.»

– Periskop 13.03.2019

Med venleg helsing / Best regards

Øystein Vaage

Dagleg leiar / CEO

Stiftinga Tysnesfest

Mobile +47 960 45 140

Email: oystein.vaage@tysnesfest.no

Tysnesfest / Instagram / Facebook