Illustrasjonsbilete

Dokker i folkedrakt

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/4/2021 19:13

Tidlegare i år kom Britt Kjellesvik Rage ut med boka “Tidemand i miniatyr: Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar”.

I boka finn ein mønster og forklaring på kropp og klede til alle dei 22 dokkene, frå små bringeklutar, halvskjorter og kruner til liv, tråre, bukser og ost.

Målaren Adolph Tidemand arbeidde i tida frå 1843 til 1874 med studiar av norske folkedrakter. Ein del av vestlandsportretta hans har blitt modell for dokkene i denne boka.

Britt Kjellesvik Rage laga dokkene i samband med utstillinga “Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand”, som fyrste gong vart vist på Hardanger folkemuseum i Utne sommaren 2019.

Ho har spesialisert seg på dokker i folkedrakter, men skapar også andre ting i tekstil, særleg historiske klede frå vikingtida og middelalderen. Dei siste åra har ho jobba mykje med eldre kostymemateriale og hatt utstillingar. Ho held også foredrag, skriv artiklar og bloggar om emnet. Frå 2018 har ho vore «freeman» i vikingbyen Njardarheimr i Gudvangen.

Boka kan du også få som e-bok.