Tilbod til deg mellom 18 og 35 år

Publisert av: May Britt Meland
31/1/2022 18:01

Marita Dalseid ved psykisk helse vaksne i Tysnes kommune fortel om eit nyoppstarta tilbod:
Gamingkveld for deg som er mellom 18 og 35 år.
Fyrste gongen vert Torsdag 3. februar kl 16.30 – 20.00.

Tilbodet er eit lågterskeltilbod som er opent for alle. -Om ikkje ein ynskjer å  game, er ein sjølvsagt og velkommen innom for ein prat, seier Marita. I løpet av kvelden blir det servert pizza og brus for 50,- pr. person

Det er seks pc`ar tilgjengelig med forskjellige installerte spel, og ein storskjerm med ps4 og nintendo switch. I tillegg er det og ulike brettspel og biljard.

Har du problem med skyss, kan du ta kontakt med Marita tlf: 910 08 409, eller May Siren tlf: 951 80 517.

-Om interessa er der håper me at dette kan bli eit fast tilbod kor vi jamleg kan samlast på Treffstaden for gaming, turneringar, lan og sosialt samvær, avsluttar Marita Dalseid.