Publisert av: Vegard Aslaksen
27/1/2019 18:45
Mykje folk og fine forhold i Solheimsdalen
Søndag stilte Onarheim Idrettslag med fyr i bålpanna og servering av varme drikker i skianlegget i Solheimsdalen. Mange hadde teke turen for å testa skiføret denne dagen. Dei som ville fekk også vera med på omvisning i den nesten ferdige varmestova som ligg fint plassert midt i anlegget.
“Værmeldingane for neste veka spelar på lag og det blir flotte skiforhold”, skriv Magne Storesætre på facebook sidene til Onarheim Idrettslag.