Frivilligkickoff for Tysnesfest 2018

Publisert av: May Britt Meland
9/4/2018 18:07
Skal du jobba frivillig under årets Tysnesfest?

Bli med på vår kickoff, og få med deg ein kjekk, sosial, informativ og underhaldande kveld!

GRATIS INNGONG!

Torsdag 12. april i Vonheim

Program for kvelden:

  • 18.00     Våre kjekke programleiarar ynskjer velkommen og viser filmsnuttar
  • 18.45     Gjennomgang av erfaringar frå avlysinga i 2017. Kva gjekk bra og kva gjekk dårleg? Oppdatering på kva me arbeider med for å bli enda bedre i 2018.
  • 19.30     Foredrag av Svein Erik Malkenes. Han har brei erfaring med tryggleiksarbeid, og han har blant anna vore sikkerhetssjef for Sykkel-VM i Bergen. Svein Erik vil og introdusera vårt nye rapportering/varslingssystem som me skal ta i bruk i år.
  • 20.15     BASAR
  • 21.30     Konsert med Jon Olav

Påmelding til maria@tysnesfest.no eller på telefon +47 906 55 788

 

JON OLAV er klar for å bli Norges nye superstjerne.

Men aller fyrst skal han berre vise fram langfingeren sin bitte, bitte litt til.

Den siste tida har JON OLAV vore eit heitt namn i norsk media og over 350,000 mennesker har fått med seg debuten, “Hei Erna”. Til og med P3 fekk augene opp for Sunnmøringen og kåra han til ukas urørt eit par veker etter videoen kom ut.
I tillegg blei han raskt booka til bransjefestivalen Trondheim Calling og namnet hans er venta å dukke opp mange stadar i tida framover. Etter den suksessfulle debuten har han også fått ei forestilling om at han er ein slags Messias i norsk musikk og skal no til å frelse Norge med nok eit godt budskap.
Endå fleire vil elske han og endå fleire vil garantert hate han.