Bossproblem

Publisert av: Johnny Helgesen
31/5/2018 19:25

Etter at vegen opp til skulen blei skada av flaum i romjula, har Onarheim skule og Onarheim barnehage hatt bossdunkane sine ståande nede ved busshaldeplassen ved Onartun. Det har fungert greit, men dei siste vekene er det fleire som har begynt å bruka våre bossdunkar til privatavfall.

Dette er ikkje greit! Me treng den containerplassen me har, og resultatet er at det nå flyt med søppel der nede. I denne varmen blir det også ein skikkeleg ekkel lukt, og det er store mengder med fluger. Dette er i gangvegen opp til skulen og barnehagen, noko som er særs utriveleg.

Me må sterkt oppmoda dei som nyttar desse dunkane til å finne andre og betre løysingar.

Audun Aarbakke, rektor på Onarheim skule