Foto; Onarheim Idrettslag

Mykje folk og fine forhold i Solheimsdalen

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/1/2019 18:45

Søndag stilte Onarheim Idrettslag med fyr i bålpanna og servering av varme drikker i skianlegget i Solheimsdalen. Mange hadde teke turen for å testa skiføret denne dagen. Dei som ville fekk også vera med på omvisning i den nesten ferdige varmestova som ligg fint plassert midt i anlegget.

«Værmeldingane for neste veka spelar på lag og det blir flotte skiforhold», skriv Magne Storesætre på facebook sidene til Onarheim Idrettslag.

Foto; Onarheim Idrettslag

 

Foto; Onarheim Idrettslag