Markerte Kom deg ut-dagen

Publisert av: May Britt Meland
4/2/2024 17:51

Fyrste søndag i februar er Kom deg ut-dagen, eit nasjonalt arrangement i regi av Den Norske turistforeninga sine medlemsforeningar rundt i Norge.

På denne turdagen er målet å skapa gode opplevingar i næriljøet for familiar og andre som har lyst på ein fin utedag.

Til hausten vert det også markert Kom deg ut-dagen, då fyrste søndagen i september.

Tysnes Turlag inviterte alle til ein kjekk utedag i Solheimsdalen. Naturstien engasjerte, og så smakte det godt med nygrilla pølser frå bålpanna etterpå!

Foto: Tysnes Turlag