Informasjon om pågåande smitteutbrot

Publisert av: May Britt Meland
9/11/2021 15:48

Oppdatert informasjon om koronasmitten på Tysnes er lagt ut på kommunen sine heimesider i dag.
24 personar i Tysnes kommune har fått påvist koronasmitte. Blant desse er det ein del tilfeller som er oppdaga via hurtigtest. Her ventar ein svar på PCR-test tatt ved legekontoret i går, mandag 8. november.

Folk som ynskjer å bestille time til testing blir bedt om å gjere dette på www.HelseNorge.no via dialogmelding.

 

Det har vore stor pågang på telefonen til legekontoret. -Me ber derfor om at du som har spørsmål fyrst søkjer svar på FHI eller Helse Norge sine nettsider, eller her på kommune si nettside, skriv kommunen.

Det er viktig at legekontoret sin telefonlinje er open for dei som har trong for medisinsk hjelp.

Du kan ta kontakt med kommunen via sentralbordet: 53 43 70 00

Fleire detaljar finn du i saka på tysnes.kommune.no