Miniturnering

Publisert av:
21/1/2012 20:52

Tysnes Idrettslag var i dag arrangør og vertsskap for turneringsspel for handballjenter og gutar i alderen 8-9 år.

Til Tysneshallen kom lag frå Stord, Fitjar, Halsnøy og Kvinnherad. Tysnes IL stillte med eit gutelag og tre jentelag.

Dei fyrste kampane begynte klokka 11 laurdag og siste kampane var ferdig om lag i fire tida i ettermiddag. Det vart spela to kampar parallellt på tvers i hallen.

Stemninga og iveren var på topp, og turneringa vart til etter stor dugnadsånd frå idrettslaget.