Jasper og Nynke van Schaik. Foto: Myrdal Gard

Tre medaljar til ostar frå Myrdal Gard

Publisert av: May Britt Meland
4/11/2022 12:07
Jasper og Nynke van Schaik kunne denne veka stolt melde at dei henta heim ikkje mindre enn tre medaljar under World Cheese Awards 2022 i Wales.

 

Jasper og Nynke overtok Myrdal Gard i 2013. Dei starta i det små, og det har vore ei rivande utvikling på garden sidan den gong. Ostane har fått mange både nasjonale og internasjonale prisar.
Dei stolte osteprodusentane takkar heile TEAM MYRDAL, som står bak denne ostane og kvaliteten. -Medaljane vi får er ei stadfesting på det gode arbeidet som vert gjort.

 

 

 

IBEX, osten som vann GULL for Årets Lokalmatprodukt under Bergen Matfestilval 2022, fekk også GULL under Oste-VM 2022 i Wales!

Tysnesingen.no gratulerer Myrdal Gard!

 

Foto: Myrdal Gard