SIM startar henting av glas og metall

Publisert av: Vegard Aslaksen
14/8/2019 13:10

Frå Januar 2020 vil SIM starta med henteordning for glas og metall. I den samanheng vil alle abonnentane til SIM få ein ny dunk. Den blir levert på staden der du vanligvis set ut bossdunkane dine for tømming, og vil vera merkt med adressa og gards-og bruksnummeret ditt. SIM startar utsetjing av dunkar 1. september og arbeidet vil halde fram ut året.

Dette betyr at ein frå nyttår kan kjeldesortera glas og metall rett i eigen bossdunk framfor å levera dette på miljøstasjonen eller samlestasjonar som er plassert rundtom. Alle vil få meir informasjon om henteordninga når det nærmar seg oppstart. I fyrste omgang er det viktig at du tar med deg den nye dunken din heim, slik at han ikkje kjem på avvege, og du er klar for den nye ordninga.

Slik ser dei nye dunkane ut. Foto: sim.as