Lokkar med nysnø i Eikedalen

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/2/2020 11:17

Så langt, har det vore ein spesiell vinter på Kvamskogen og i Eikedalen Skisenter, men no byrjar det for alvor å likne på noko, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum.

Fram til no, har me hatt åpent i barneheisane, og det har vore eit par dagar med åpent i Setertrekket, men i løpet av det siste døgeret har det kome minst 30 cm nysnø, og det er meir i vente dei neste dagane, så no opnar me fleire heisar.

Tønjum seier at det blir kveldsåpent i dag, og at Setertrekket, Veraheisen og Tobiasheisen er
åpen frå klokka 17.00 – 21.00.

 

Han seier vidare at dei no skal i gang med klargjering av Tvillingtrekka, og satsar på opning av dei i morgon kveld. Frå og med torsdag kjem dei til å holde åpent både på dag- og kveldstid i vekedagane.

Ynskjer du meir informasjon, kan du gå inn på www.eikedalen.no  

 

Bileta er frå webkamera no i formiddag, tirsdag 11/2, og frå forrige tirsdag, då det kom påfyll av snø, og det vart ei fantastisk kveldskjøring.