Illustrasjonsbilete

Rekordvarmt år

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/12/2020 07:20

Året 2020 ser ut til å bli det varmaste året i Norge sidan målingane starta.

Dette melder BA på si nettside. Rekorden viser ein gjennomsnittstemperatur som er 2,5 grader høgare enn normalen. Normalen er gjennomsnittet over 30 år frå 1961 til 1990.

Sist gang det vart satt rekord, var i 2014. Då var gjennomsnittstemperaturen 2,2 grader over normalen.

Det som gjer dette året så varmt, er den varme vinteren og den milde hausten. Gjennom vintermånadane desember, januar og februar, var temperaturen 4,5 grader varmare enn normalen.

Vil du lese meir om dette, kan du også gå inn på Meteorologisk Institutt si nettside.