Matoma til Tysnesfest 2019!

Publisert av: Vegard Aslaksen
21/1/2019 19:36

DJ og produsent Tom Lagergren (aka Matoma), kjend for sin danseorienterte tropical house musikk, har i løpet av kort tid blitt ein av dei største eksportvarene innan norsk musikk.
Matoma er  verkeleg eit hardtarbeidande talent med en særeigen teft for fengande melodier og produksjonar av høg kvalitet.

Med millionar av avspelningar på straumetenester kvar månad og utselte konsertar over hele verda har det vore vanskelig å ikkje legga merke til Matoma de siste årene. Frå sin oppvekst på Flisa i Hedmark begynte Lagergren si musikalske karriere som klassisk pianist. I tenåra byrja han å høyre på sin eldre brors musikksamling – inkludert album av Paul van Dyk, Tiesto og Armin van Buuren – og han blei stadig meir interessert i elektronisk dansemusikk.
Når han byrja på musikkteknologi på NTNU var han allereie i gang med å remikse og sleppa låtar på nettet som Matoma.
I 2014 kom den internasjonale anerkjennelsa for Matomas remixer med blant anna låtar av Jessie J, Akon og Enrique Iglesias. I 2015 landa han sin første store hit med remix av Notorious B.I.G. “Old Thing Back.”, som på noverande tidspunkt har meir enn  230 millioner streams på Spotify.
Sidan den gong har Matoma gitt ut debutsingelen “Feeling Right (Everything is Nice)” med Wale & Popcaan, og låtar som “Running Out” med Astrid S, “Paradise” med Sean Paul & KSteward og “Wonderful Life (Mi Oh My)” som soundtrack til Angry Birds filmen. Siste tilskudd til hit-stamma er den nye smashen “All Night”med The Vamps, som også er på full fart oppover listene, samt “Heart Wont Forget” saman med GIA.

“Matoma spela på Tysnesfest i 2015, han klarte verkeleg å setja fyr på Gjerstad sjølv om han spela ganske tidleg på kvelden. I år tek han med seg ein mykje større produksjon og blir avslutningsnummeret på fredagskvelden! Me kan lova eit forrykande show! Ein meir likandes kar enn Tom skal ein leita lenge etter, og me gler oss veldig til å ta imot han igjen, “seier Øystein Vaage i Tysnesfest.

Til no er fylgjande artistar lansert til Tysnesfest 2019: Aurora, Åge & Sambandet, Matoma, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Skambankt og Kjartan Lauritzen.