Mange flotte båtar til Våge i dag

Publisert av: May Britt Meland
20/8/2022 18:31

Tysnesingar i alle aldersgrupper hadde møtt opp i hamna i Våge laurdag 20. august for å sjå på Poker Run båtane som kom frå Bergen.

Dei raske båtane kom inn fjorden på rekkje og rad, og det var litt av ei oppleving både og sjå og høyre lyden av dei kraftige motorane. Det er vel sjeldan det har vore så mange hestekrefter ved kaien på Mandelhuset samtidig.

Deltakarane koste seg med lunch og underhaldning på Mandelhuset før turen gjekk vidare mot Klokkarvik.

Her får du eit lite glimt av stemninga: