Bilete frå Lisle Lyngøy i Øygarden. Blant funna var sopp og bakteriar med ein appetitt for plastavfallet vårt. Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

Plast frå Kolavika nytta i forskning om bakteriar som et plast

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/1/2020 12:07

Dei to siste åra, har forskarar ved Norce Energi i Bergen forsøkt å finna ut kva plastsøppelet gjer med naturen. I dette arbeidet har dei undersøkt prøvar, som blant anna er henta i frå Kolavika på Tysnes. Kolavika og Lisle Lyngøyna i Øygarden er skrekkeksempel på plastforureining.

I løpet av eit år, kan det  samle seg opp mot 1000 kilo plast i enkelte av vikane langs kysten, og mykje av dette vil med tida ende opp under bakken.

I forskingsarbeidet har dei funne sopp og bakterier som eter ulike typar plast. No arbeider dei med å finne ut kva plasttypar bakteriane og soppen kan ete, og kor fort dei kan ete.

På laboratoriet dyrkar forskarane Beate Hovland (t.v.) og Gunhild Bødtker fram bakteriar som et plast. Foto: Silje Thalberg/NRK

Du kan lese meir om dette på NRK Hordaland si nettside.

Saka er henta frå NRK.no