Eldorado på isen

Publisert av: May Britt Meland
9/1/2024 22:12

Kuldegrader over lang tid har gitt oss flott skeise-is mange stader på Tysnes. Folk har funne fram skeisene og storkost seg på isen desse fine dagane.

I går, mandag 8. januar, melde bygdaportalen i Lunde at isen på Fiskevatnet er trygg. Farlege områder ved elveosane er også merka.

Det har vore stor aktivitet på isen i dag. Dei fleste på skeiser, nokre har blitt drege rundt på akebrett, og nokre har kost seg med spark.

Flotte bilete frå Bronwyn Bakke og Janette Ekdahl.