Gjøvågsvarden

Rydding av turstiar

Publisert av: May Britt Meland
21/9/2020 10:58

Ei av dei første oppgåvene til det nystarta Tysnes Turlag er å leggja til rette for turar i skog og mark. Lange og korte stiar skal ryddast i halvannan meters bredde og merkast. Blått i skog og lavlandsterreng, raudt i fjell og høgare terreng.

I helga var rundt 15 personar på Reksteren og rydda og merka turen frå bedehuset på Sør-Reksteren, via Dalatuva, Middagsvarden, Gjøvågsvarden og ned til svingane ovanfor Gjøvåg. Vi starta frå begge sider sidan vi var så mange, og møttest i nærleiken av Middagsvarden.

Vel framme på Gjøvåg inviterte Marit Nancy på saft, rømmmegraut med spekemat, pizza og kaffi med kaker. Hadde det ikkje vore for at Jarle måtte med ferga, hadde det blitt seine kvelden i solveggen på “nyehuset”!

Ein fantastisk dag!!

Førstkommande laurdag er det strekninga mellom Hakkebakkestien og Kyrkjevarden/Nesevarden som skal merkast.

Tekst og foto: Per Verner Aase

 

Her kjem bildedryss frå ein kjekk dag med mange gode hjelparar!

Merketeamet

 

Det er ikkje berre ein ting som må gjerast!

 

Nede hos Marit og Odd.

 

-Kva var namnet sa du?

 

Det var godt å slenga seg nedpå1

 

Heimelaga spekemat

 

Kaffi og kaker

 

Rettleiaren Jarle

 

Nokon har det kjekkare enn andre